Label:
LP:
EAN:
7041889524235
Catalog number:
PINADLP3
Release date:
12.12.2025
Info:
Det er 25 år sidan Side Brok vart danna.
Og det er 12 år sidan førre album, H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.
No har Side Brok samarbeidd med sin gode ven og favorittbonde, Sirkel Sag, om eit felles album, eventuelt dobbel EP; fem songar frå Side Brok, fem songar frå Sirkel Sag.
Alter egoet Thorstein Hyl III er pensjonert. No rappar Runar Gudnason berre under sitt opphavlege MC-namn, Sjef R. Elles er den sunnmørske rapgjengen seg sjølv like og blandar framleis humor og alvor, det ironiske og det inderlege – gjerne i same rim. Og alt betyr noko, gjerne meir enn éin ting.
«Denne plata kunne ikkje ha kome i fjor, og heller ikkje neste år. Me skriv liva våre, og akkurat no høyrest det slik ut.»
– Runar Gudnason
Stilen er tung, samplebasert hip-hop med mange originale og uventa twistar. Sirkel Sags del er i tillegg inspirert av folk, country og blues, og har med fleire gjestar som speler ulike instrument.
Musikken er resultatet av eit nært og sterkt samarbeid mellom beatmakar Olav R. Øyehaug og arrangør og produsent Runar Gudnason. (Dette betyr ikkje at Skatebård eller nokon av dei andre har slutta; gjengen blir samla og intakt på scena når gruppa skal turnere til hausten.)
Plata har tre gjestevokalistar: Stein Torleif Bjella, Joddski og Egil Olsen.
Tracklist:
1. Bilde brok
2. Ny type tåre by Side Brok (Ft. Egil Olsen)
3. Esso
4. Mitt bråkete vatn
5. Svært
6. Rural myte
7. E den ej e
8. Kløyva ord (Ft. Stein Torleif Bjella)
9. Berre musikk (Ft. Joddski)
10. Ken e Sirkel Sag